Frydenbø Bil AS Sogndal
Butikken vår finn du sentralt plassert i Sogndal ved Avsølevegen 7. Sogndal ligg 3,5 timars biltur frå Bergen eller 5 timars biltur frå Oslo. 20 minutt frå Sogndal Lufthavn som har daglege ankomstar frå Oslo og Bergen.
Me har òg moglegheit for å levera bil i nærleiken av der du bur, ta gjerne kontakt med oss for prisførespurnad på levering.
Frydenbø Bilsenter er ein av Noregs største Volvo-forhandlarar med 8 avdelingar fordelte i Vestland og Agder fylke. Alle avdelingane våre er òg autoriserte merkeverkstad for Volvo. Frydenbø Bilsenter er ein del av Frydenbø Group - eit familieeigd konsern, grunnlagt i 1916.
Hos oss får du ein trygg og føreseieleg bilhandel, der me ynskjer å vera din komplette Volvoforhandlar. Me tilbyr eit breidt utval av personbilar i ulike prisklassar.
Om du mot formodning ikkje skulle finna din draumebil hos oss, ønskjer me meir enn gjerne at du tek kontakt med oss, slik at me kan finna det du er på jakt etter.
Dessverre har me ikkje nok plass til å visa alle bilane våre samtidig i butikken. Men me har eit stort utval av køyretøy og hjelper gjerne deg med å finna den rette bilen for deg. Viss du har ein spesiell bil i tankane, ver venleg og gi oss beskjed på førehand, så skal me sørgja for at bilen står klar i butikk.
Vi prøver alltid å gje korrekt informasjon, men tek forbehold om eventuelle feil i annonsen. Vi ynskjer gjerne at du tek kontakt med oss for fullstendig salsinformasjon og opplysningar om bilen.
Føretagsinformasjon
- Org.nr:
- 967149098
Kontakt oss
- Adresse
- Avsølevegen 7, Sogndal
- Tlf
- E-post
Åpningstider og kart
- Hverdager
- 08:00 - 16:00
- Lørdag
- 10:00 - 14:00
- Søndag
- Stengt